Aktiv Grizzly Endeleg ferdig (nesten)

Blizzard

Medlem
7 Mar 2010
127
12
Vinje
Heilt ferdig blir den nok aldri...

Henta denne som ein rustholk på vestlandet for nesten 4 år sidan.
Den var kostemalt absolutt over alt og var ikkje bra å sjå til, men teknisk så var den ganske bra.
Km tellaren viste kun drøye 3000km og det var sannsynlegvis originalbelta som stod på.
Motor, variatorar og gear var også originalt (spirit 500). Motor og gear var i bra stand og er urørt.
Scooteren vart totalt demontert, rustsveist, sandblåst og lakkert. Lager og foringar er skifta og variatorar er overhalt. Nytt el. anlegg er også lagt opp.
No manglar dekalar, rute og setetrekk, noko som ikkje er å oppdrive i det heile så dette må nok også egenproduserast som det meste anna på dette prosjektet...
Dette har vore eit laaangt prosjekt over ca 3 år med ein liten innspurt i haust.
Den er blytung å kjøyre, med null komfort så den kjem nok ikkje til å bli utslitt eller oppbrukt :)

DSC_0393.jpg
DSC_0397.jpg
DSC_0394.jpg